Endring av gravfelt

På gravplassen kan det vere ulike typar gravfelt, til dømes kistegravfelt, urnegravfelt, minnelundar og urneveggar. Storleik, form og plassering av gravfelta utgjer ein stor og viktig del av gravplassen sin karakter. Kva for føringar må ein ta omsyn til, og når er det statsforvaltaren skal ha søknad om endring av gravfelt?
Bilde av Lørenskog kirkegård med oppdelte gravfelt
LØRENSKOG KIRKEGÅRD, AKERSHUS. Gravfelt utgjer ein viktig del av gravplassens karakter. Foto: Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark

Gravfelt bør av praktiske og estetiske omsyn ikkje vere for store. Vegetasjon mellom gravfelta vil dele opp gravplassen i mindre landskapsrom og gjere det enklare å finne fram, samt bidra til å gi gravfelta ein eigen identitet.

I kvar gravrekke bør det ikkje vere meir enn 25 graver. Det bør heller ikkje vere meir enn 7–8 rekker i kvart gravfelt. Urnegravfelt med storleik 1,5 x

Tiltak på gravplass

Statsforvalteren i Vestfold og Telemark har utarbeidet en serie temanotat med råd og rettledning for å gjennomføre tiltak på gravplassen på en god måte.

Disse temanotatene vil presenteres i fagbladet Gravplassen fremover. Temanotatene er også tilgjengelige på Statsforvalterens hjemmeside.

1,5 m vert lett for kompakte og vanskeleg tilgjengelege, slik at dei bør ha færre graver enn kistegravfelta. Gravstorleiken kan difor gjerne vere større eller ein kan bryte opp gravfelta i mindre delar.

Avstand frå grav til bygning må vere minst 3 meter, sjå gravplassforskrifta § 7. Avstanden frå grav til veg bør vere minst 1 meter, medan avstanden frå grav til gjerde eller mur bør vere minst 3 meter, både av omsyn til drifta av gravplassen og av dei som besøker gravene.

Kva for endringar kan ein gjere på gravfelta?

Dersom gravfeltet ikkje er i bruk ennå, eller det ikkje lenger er nokon som har rett i samband med gravene, står gravplassmyndigheita normalt fritt til å gjere endringar på gravfeltet, slik som til dømes å endre gravstorleikane, gravtypen, lage eit nytt gravfelt, etablere ny vegetasjon, ny internveg, m.m.

Unntaket er gravplassar som er automatisk freda etter kulturminnelova, slik som mellomaldergravplassar og samiske gravplassar eldre enn 1918.

Skal ein gjere endringar her, må ein alltid søke den aktuelle kulturminnestyresmakta først. Det kan òg vere knytt kulturminneverdiar til gravminne og gravutstyr som ikkje er freda, som til dømes rammegraver.

På gravfelt som er i bruk, vil privatpersonar som er ansvarlege for eller festar graver, ha rettar og pliktar i samband med gravene sine. Desse tilhøva kan avgrense kva for endringar ein kan gjera på gravfelta.

Kva for tiltak ein vel, vil avhenge av kva type utfordringar som er på gravfeltet. Om utfordringa til dømes er eit «uryddig» gravfelt, for liten gravstorleik eller at gravkartet ikkje samsvarer med slik feltet faktisk er, kan omregulering vere aktuelt.

Ved ein slik omregulering lagar ein eit nytt gravkart basert på den eksisterande situasjonen og den ønska framtidige situasjonen.

Ein kan forskyve graver inntil ei halv gravbreidd og ei halv gravlengde i det nye gravkartet, men talet på graver i kvart feste må ikkje endrast, sjå gravplassforskrifta § 5. Ein må òg vidare følge krava i gravplasslova og forskrifta om gravstorleika, jorddjupne og grunnvasstand.

Det er viktig å registrere alle freda graver. Etter omreguleringa kan det freda arealet («ein grav») strekke seg over fleire graver som ikkje kan brukast på nytt før fredingstida er ute.

Spind kirkegård, Farsund. Døme på nytt gravkart laga i samband med omregulering og oppfylling. Dei raude stipla linjene viser den opphavelege gravstrukturen.

Oppfylling kan vere aktuelt der jorda er ueigna for nedbryting, det er utilstrekkeleg jorddjupne, høg grunnvasstand, små graver eller plastgraver, slik at ein kjem over «problemsjiktet». Oppfylling er eit stort inngrep som krev god planlegging, særleg i samband med terrengtilpassing.

Vurder òg om det er nødvendig å gjere andre tiltak i samband med oppfyllinga slik som til dømes drenering. Ein kan kombinere oppfylling med omregulering.

Det er viktig at den supplerande jorda er egna for nedbryting. Prosjektet «Egnet jord til kistegravlegging» har gitt ny kunnskap om kva for eigenskapar jorda bør ha for at ho skal gi god nedbryting av gravinnhald.

Plasseringa av gravminna etter ei endring skal til vanleg følge dei same prinsippa som før endringa (til dømes i den vestre kort-enden av grava). Nye gravkart må utarbeidast i samsvar med gravplassforskrifta § 4. Ein bør nytte SOSI-standarden for gravplassar, sjå sosigravplass.no.

Etter endringar bør tilhøva for universell utforming vere like gode eller betre enn tidlegare. Alle som vitjar gravplassen, bør kunne komme til eller nær alle graver. Ved større endringar bør ein nytta tenleg fagkompetanse, til dømes ein landskapsarkitekt.

Dersom gravfeltet er ueigna for kistegravlegging og andre tiltak ikkje er aktuelle, kan ein vedta å stenge gravfeltet for kistegravlegging. Stenging omtalt i Gravplassen nr. 2-23.

Vestre gravlund, Oslo. Vegetasjon kan bidra til å skape landskapsrom og dele inn grovfelta.

Når må ein søke statsforvaltaren?

Om tiltaket er av ein slik karakter eller storleik at det vil endre gravplassen sin eigenart, eller tilhøva for dei som vitjar han, vil det vere ei vesentleg endring som ein må søke statsforvaltaren om, sjå gravplassloven § 4. Ein må alltid søke om følgande tiltak:

  • Etablere nye gravfelt på ein eksisterande gravplass. Dette gjeld òg tilrettelagde gravfelt.
  • Stenge heile eller deler av gravplassen for kistegravlegging. Stenging skal fastsettast i lokale vedtekter, sjå gravplassforskrifta § 5.
  • Legge nye drensleidningar på gravfelt som er i bruk, sjå gravplassforskrifta § 8.
  • Oppfylling av gravfelt med meir enn 40 cm.
  • Endring av gravtype, til dømes frå kistegravfelt til urnegravfelt når gravstorleiken samtidig vert endra.
  • Fjerne rammegraver i større omfang. Med rammegrav i denne samanhengen siktar vi til ei grav/gravstad med steinramme og eventuelt eit gjerde i tillegg.

Temanotat

  • Belysning på gravplass
  • Driftsbygning og driftsplass
  • Gravfelt
  • Gravkapell og bårehus
  • Informasjonstavler
  • Interne vegar
  • Endring av minnelundar
  • Utstyr – avfallsdunkar, vasspostar, benkar m.m.
  • Parkeringsplass
  • Klokkestøpul
  • Vegetasjon

Ver merksam på at nokre tiltak kan vere søknadspliktige ut frå andre lovar eller føresegner slik som plan- og bygningslova, kulturminnelova eller kyrkjeordninga for Den norske kyrkja. Dette vil til dømes gjelde tiltak på mellomaldergravplassar. Ta kontakt med den aktuelle instansen for avklaring.

Hege Alice Granøe
Fagsjef gravplass
Statsforvalteren I Vestfold og Telemark